fredag 3. desember 2010

Hamlet.

Spørsmålet er – å vere eller ikkje:
Om det gjer meir storsinnet å tole
ein voldsam skjebnes kast og pilregn, enn
å ta til våpen mot eit hav av sorger,
og sløkkjer dei i trass? Å sove, døy -
meir er det ikkje: sei at søvnen
sløkkjer kvar hjertesorg og tusen ristingar
som kroppen arvar – ja, eit endelykt
vel verdt å drøm om; å sove, døy.
Å sove, kanskje drøm. Det er haken;
for daudens drøm følgjar daudens søvn
når vi har snodd oss ut av livets skinn,
og derfor stoppar vi. Vi overveier
og får eit langt liv i elende.
For kven kan tole verdens pryl og spott,
tyrannars trykk og arrogant forakt,
og kjærleik som hånes, rettslig sommel,
betente embetsmenn og alle spark
som avskum langer ut mot den som tiar,
viss regnskapet kan slettas, gjeres opp
med en sløv dolk? Kven gadd å bære lasten,
å slita livet ut med pust og pes
viss ikkje angst for noko etter dauden,
eit ukjent land som ingen reisande
kan vende heim frå, lamslo viljen vår,
og gjorde at vi velder dagens nød
og ikkje flyktar til den ukjente?
Bevisstheit gjer alle til kujoner;
og dermed vil den resolutte glød
lett bleikne under tankens gustne skinn,
og verksemder som har kraft og meining
vil bøye av og miste krava på
å kallas handling. – Rolig nå, min vakre
og vendunderleg Ofelia. – Husk å be
for alle mine synder.